|
Velkomen til Nordalsnissane

Dette er Nordalsnissane. Dei heiter Oline Låven, Ragnvald og Gottorm.
Nordalsnissane er glade i å syngje og spele, og no har dei laga ein CD med mange av songane sine. Den heiter: Nordalsnissane rører jula inn.
Foto: StudioM v/Marit Sletten
- Trur du på nissen?
I den vesle bygda Lom i Gudbrandsdalen, ligg det ein campingplass som heiter Nordal. På denne campingplassen står det ein gamal låve, og der bur det tre nissar som heiter Oline, Gottorm og Ragnvald. Her har dei laga seg ein plass å bu av saker og ting som dei har funne rundt omkring i bygda. For nissane er slike at dei tek vare på alt mogleg rusk og rask. Det kan du tenkje på neste gong du ikkje finn att ein sokk eller noko slikt, Det kan godt hende det er nissen som har tatt det! Nissane er ikkje heilt som folk. Blant anna likar dei seg best om kvelden og natta, så det er ofte langt på dag når dei står opp. Det fins nissar overalt, og dei kan vere like forskjellige som meg og deg. Nokre er julenissar som kjem med gaver til dei som har vore snille, andre er butikknissar som du kan finne på kjøpesenter når det nærmar seg jul. Nissane som bur på Nordal er ingen av delane. Dei er fjøsnissar og trivst derfor best på ein låve der dei kan stelle med dyr. Fjøsnissane er eigentleg snille, men dei likar seg best for seg sjølv. Har du sett nissen?


Nordalsnissane i platestudio. Lars Bakke eig Nordalslåven. Han fekk vere med nissane og spele inn cd fordi han er flink til å syngje og spele gitar. Men han er veldig gløymsk. Her har han gløymt å ta på seg skoa sine før han gjekk frå heime.
Foto: StudioM v/Marit Sletten

Årets julegåve:
Nordalsnissane
- rører jula inn.
- Eit musikalsk høyrespel.
Det er vesle julaften, og på ein buss sit Lisa og bror hennar, Martin. Foreldra til Martin og Lisa bur ikkje saman lengre, og no er ungane på veg frå mora, som bur på Lillehammer, til faren på Vestlandet. Der skal dei feire jul saman med far. Det er berre det at ungane går av bussen feil og hamnar i Lom. Her møter ungane nokre merkelege skapningar som bur inne på ein låve. Samstundes bles det opp til storm utanfor låven. Kven er det som bur på låven? Finn foreldra att ungane og kjem ungane heim til jul? Klarar Oline å koke graut utan at den blir svidd? Kan Ragnvald klare å bli modig i tide? Og kven er Ragnvald og Oline? For å få svar på dette må du høyre på CDen ”Nordalsnissane rører jula inn.” CDen er planlagt klar for sal frå 27. November.

CDen laga vi i Skjåk Musikk og Lydstudio.
Lars er også flink til å danse ballett. Ragnvald er redd for å få sangen på hjerna.
Foto: StudioM v/Marit Sletten
Nissane samarbeider med:

|
![]() |
Olines krok
Ragnvalds krok
Gottorms krok
Stakkars krok
Lusas krok
Kontakt:
Nordalsnissane treffast lettast gjennom å kontakte Endre Skjåk på
tlf 901 35 738 eller mail: endre.skjaak@gmail.com
Venar av nissane:
JotunheimenUnderholdning
- Teater-skjaakK
Diktarplager på Myspace
LoMsk
Nordalslåven
- Nordal Turistsenter
Sparebank1 Lom og Skjåk
StudioM
Løwehjerte design

|